onsdag 28. april 2010

Sjuk, Sjukare, Sunniva

Wæææhææææ.
Life is crap.
Neida!
Eg er så flink at no har eg blitt ordentlig sjuk! Men det er greit, for eg overlever!
I morgon skal vi ha helsedag på skulen. Så då SKAL eg på skulen!
Kjetil og Kjartan kjem og skal ha show for elevane!
Det blir sikkert dødskult! Så det gledar vi oss masse til.
I tillegg skal vi grille!

Og på slutten kjem politiet og skal snakke med russen, og sikkert gi dei nokon tips om kordan dei skal oppføre seg.


Og på fredag er det jo natt til 1.mai! Og då er det utrulig mange som skal ut og feste! Det skal også vere rugby-kamp i Førdehuset. Men det er eg ganske usikker på om eg i det heile tatt gidder å reise på.
For det 1. er det dyr billett.
For det 2. det er ein dyr billet.
Men no skal eg sove litt meir før eg skal lage middag.
For eg er så supersnill når eg er heime frå skulen. Og i tillegg på eg pugge litt matte!
Det er jo snart eksamenstider!
Eg håpar virkelig eg ikkje kjem opp til eksamen!
Då trur eg at eg dør litt inni meg. Neida !
Men no, sove!

Speaks!!

tirsdag 27. april 2010

Blogging at Nina's PC!

Heisann og hoppsann småfolk!

I dag er det tirsdag og det betyr at eg sluttar på skulen kl. 11.30!
Så det er tidlig heim idag! Eg har heldigvis fått låne pc'en til Nina no, og eg er superglad!
Okei, eg er eigentleg ikkje så veldig glad i dag, for eg er sjuk. Kvalm, forkjøla, vondt i hode osv osv.
Hallo?! Dykk må jo berre syns synd i meg!
Eg lurer på om eg skal snike meg litt rundt på pc'en til Nina, og legge ut litt av hennar bilder? Jah, vi gjer det!

Her er blide nr.1:

Nina var tydelegvis grønnruss!

Bilde nr.2:

Veit ikkje heilt kva dette er..

Bilde nr.3!! :

Eg trur dette er ein av kattane til Nina.. Ein
av mange...

mandag 26. april 2010

Eg veit ikkje hva tittelen skal vere, så derfor har eg ingen tittel.

Wooowsh.. Ja, eg sitter her på skulen eg då.
Kan vel eigentleg berre fortelle litt om kva som skjer i min kvardag.
Nina sitter litt framfor meg og stirrar skummelt inn i pc-skjermen.
Ho er noko for seg sjølv må eg berre få sagt, ho som vandrar rundt i det norske curlinglaget sine bukser, eller rett og slett berre sitter i klasserommet og stirrer momentant ut av vinduet. Ho er ein person som eg har mange diskusjonar med. Seinast i dag diskuterte vi skrekkfilmar, og spøkelser osv. Noko som vi brukte to heile mattetimar på + eit friminutt. Våre diskusjonar varer faktisk ganske så lenge.
Og i vinter vandra ho rundt i blånissekostyme. Noko som nesten var litt tøft! Eg lovar dykk at det var litt av eit syn.

Og visst nokon vil kan dei gå inn på bloggen hennar: http://www.nmskinlo.blogspot.no/

Her er synet for dei som lurte:




Ved sidan av meg sitter Silje. Ho er no ein litt spesiell person ho. Litt stille og sjenert, og ein flittig facebook brukar. Akkurat no sitter ho faktisk og spelar pokèmon på pc'en sin i mattetimen! Vel.. Eg er ikkje så mykje bedre sjølv, eg som velger og opprette ein blogg når eg har matte. Og faktisk sitter og bloggar i mattetimen. Silje er for augeblikket kjæraste med Chris-Andrè som faktisk er ganske så god kompis med min!

Noko som er ganske så kjekt. Ho budde sånn eigentleg på hybel, men eg har ein liten følelse av at vi kan sei at ho har flytta saman med Chris-Andrè.

Silje har desverre ikkje blogg så vidt eg veit.

Men for dei som lurte ser ho sånn ut:





Og så kan eg vel kanskje berre sei litt om meg sjølv då.

Eg heiter Sunniva, og eg er kul. Likar eg og tru sjølv i alle fall. Eg går på ein skule langt oppe i gokk, og snakkar nynorsk. Eg er ein veldig politisk-engasjert person. Så det blir nok ein del politisk-relaterte innlegg her ja. Eg er DK-leiar i Sogn og Fjordane for dei som lurte, og om nokon lurer på kva det er kan dei berre spørre.
Tastaturet på pc'en min er bra klikka, så det er like før eg hiver den ut vinduet.
Eg bur i den fantastiske byen FØRDE og for dei som lurer på kor det er, så ligg den byen i Sogn og Fjordane (sånn ca i midten).
Eg går i ein klasse på 14. Linja er design og handtverk.
Yndlingsfargen er rosa!

Og for dei som lurer på korleis eg ser ut kjem monsteret her:

Eg har eit utrulig dårlig kamera, men eg skal prøve å få lagt ut nokon bilder når eg bloggar!
Men no masa Nina om at ho skal få lese innlegget på bloggen min!
Speaks!!