tirsdag 7. september 2010

What?! Åja.. Det var sånn det var.

Her i Florø liker vi og vente ved vegen på dronninga, litt skuff når ho berre sitter i ein bil, stig ut av den, og trasker inn i eit telt.. Dårlig dag!
Men sola steikte og været var flott! Og vi slutta tidleg, great! Dette var vel den første veka på skulen. Koos.


KOR ER DRONNINGA?! KOR?!


Fine båten, fiiiine båten! Vi satt på kaia halve dagen og plaska i vatnet, og naut sola. Florø er deilig når været er fint altså!


I klassen vår eter vi kake og vaffla kvar dag! Vel, nesten. Men det er også fordi vi feirer bursdagar! Wiii!


Mmmm, kake! Lise baka kake til hennar eigen bursdag, dei var steike gode då!


Oppgåver på kjøkkenet.


Og slike ting er det vi driver med i klassen, twister! Og fantasi junior!
Er ein del av pensum tydelegvis.


Og vi leikar oss på sjukestova. Når vi eigentleg skal jobbe med oppgåver. Men når det er mykje morsomt utstyr rundt oss, er ikkje det så lett.


Og så var vi på fjelltur. Klassen vår var superflink og gikk halve vegen der vi satte oss ned for å grille! Mmm! MAT <3


Vi var og på klassetur til Eikefjorden. Der var vi litt rundt om kring. Og så såg vi på sånne ting i bakken.. Ja, sånne ting som er på bildet.


Eg, Marit og Yvonne tok oss ein tur til Bergen ein dag. Der vi handla bitte bitte bitte litt! Og tok oss eit godt måltid på Egon! Uheldigvis tok eg ikkje så mange bilder. Berre det her.

Og dette..
Akkurat no gledar eg meg utruleg mykje til torsdag! For då skal eg heim!!
Heim heim heim!

fredag 6. august 2010

Flytting, Doc', Penn og Blomst

Vel, verden fungerer enda ser eg.
Sjølv om eg tror lesartallet mitt står på 0 no, så tenkte eg at eg skulle blogge litt likevel.
No har det jo vert sommarferie, og det har eigentleg ikkje skjedd så mykje før no..

For sånn ser golvet mitt ut akkurat no, ja eg skal flytte ja. Eg har faktisk greid og skaffe meg ein hybel som er ganske så grei! Så neste helg forlater Sunniva Førde! Forever...ever...ever...ever... Neida.
Eg lever også litt på sånn herre greie desse dagane... Sidan det regnar så mykje her i Sogn og Fjordane blir eg sjuk! yeah!

Og ja! Eg var i Årdal for ikkje så lenge sida, og der var mitt kjære søskenbarn Jonas, som var veldig nysgjerrig på kven eg snakka i telefonen min. Så han skreiv Yvonne med PENN i handa si for å få vite om det var ho. (Det var det)

Eg tok og bilde av blomsten på rommet mitt.. Tøft..

tirsdag 13. juli 2010

Kan ikkje eg få gå på den skulen eg vil?!

Kvifor kan ikkje alle linjene vere på ein skule?
Det er noko som irriterer meg. Eller om det er mange søkarar, kvifor kan dei ikkje åpne en ny klasse?! Eg blir kjempe irriter..
Ja ja ja, eg veit at det er pga mangel på klasserom og lærarar. Men uansett!
Ja, eg må flytte på hybel.
Eg vil ikkje bu på hybel!
Åååh!

Gå og kjøp ein melon!

tirsdag 6. juli 2010

Alt går litt skeis.

Wow, no er det sommarferie og eg har ikkje vert flink og blogge, men det er fordi eg er superkul og har vert så opptatt med å krangle med dei som jobber på Mobildata og telenor.
Neida, men eg var faktisk litt sur.

Vel, på torsdag den 24.juni var eg og mamma nede i sentrum og skulle handle ny telefon til meg, fordi eg har levd på mamma sin steinaldertelefon ganske så lenge.
Så måtte dei berre sjekke om det derre årsgreia var gått ut sånn at eg kunne kjøpe meg ny telefon, men neeeeeeeida det gikk ut dagen etterpå! Så den snille personen som var på jobb ringte telenor for å spørre om det gikk bra at eg kjøpte ny den dagen. Men neeeeeeeeeeeeeeida!
Og som alle veit var eg i Oslo dagen etterpå.
Resten av dagen var eg sur.

Så måtte eg jo som sagt stå opp kl 04.30 for å kle på meg for å rekke flyet dagen etterpå, men gjett kva? JO! Kl 05.00 får eg meldig frå flyselskapet om at flyet er innstilt til 09.00!! Eg vart så sint, ååååh så sint!
Så når eg og Marit endeleg kom oss på flyet måtte vi bytte fly i Bergen! Vi måtte bytte fly i Bergen for å komme oss til OSLO! Herregud så tragisk!
Eg liker ikkje Bergen.

Men vi kom oss til Oslo til slutt!

Når vi kom til Oslo måtte vi forte oss og finne folka vi skulle ta tog i lag med, og det greide vi ja!
Så var det er fin togreise ut til Ski.
Men på EO-dagane skjedde det så utrulig masse at det gidder eg ikkje skrive om.
Berre det at vi hadde det veldig gøy! Og at det var utrulig VARMT!

Yeah yeah..

...
.
...
.
.
.
...

søndag 20. juni 2010

Good night, and sleep tight.

Veit dykk at det er sommarferie?
For det er det faktisk! Sikkert eit lite sjokk for nokon, men ikkje for alle!
Eg har store planar for morgondagen! Eg skal nemleg ned til sentrum og kjøpe meg mykje tekstil-ting.
For i morgon skal eg sy!
Ja, eg veit eg er superkul og er den store mesteren i verden, herregud ro ned med å tilbe meg då.
Eg skal nok legge ut nokon bilde av prosjektet ein gang i framtida, men som alle veit er eg ikkje så flink til å blogge kvar dag, fordi eg ikkje gidder.

I det siste har det skjedd veldig lite, mykje kranglar og drama rundt om kring, og null eksamen!
Siste skuledag var nokså spennande, lang tale frå rektor, og mykje trøttsame talar frå avgangselevane.
Eg følte for å legge meg ned på golvet og grine.

No sitter eg no på rommet mitt som er nyvaska og reint!
Fordi eg brukte meste av formiddagen på å vakse det!
Og så kom min kjære, Kristian på besøk seinare på dagen.
Der eg var så flink at eg laga middag, kylling og kvitløksbrød. Mmmm!
Deretter hjalp Kristian meg med å ta oppvasken, og så baka vi ei kake etterpå.
Eg burde virkelig bli kokk!
For eg kan søren meg lage mat!

mandag 7. juni 2010

Blæ....

Jaja, eg vurderer sterkt å kanskje melde meg på OD-sommarcamp i Danmark..
Men eg veit ikkje om min kjære mamma lar meg få lov å reise til eit land med aldersgrense 16 år på alkohol.
Då trur eg ho vil få kraftig nervesamanbrot.
Men vi får no sjå litt...

Eg skal jo til Oslo på DK-råd på fredag!! Eller, møtet er jo ikkje før på Søndag, men eg fyker nok med bussen nedover på fredagen ja.. Om eg ikkje kjem opp til den stygge stygge eksamen!
Men eg er overbevist om at eg ikkje stryker!

Været er forresten flott!
Nydeleg sol og flott temperatur, berre for å ha noko å skrive om..
Men no gidde eg ikkje skrive meir.

fredag 28. mai 2010

My skjørt is better enn ditt skjørt

Okei, eg har ikkje blogga på lenge, og har egentlig ikkje noke å blogge om.
Men vi prøvar likevel!
På skulen no for tida har vi årsoppgåve.
Det vil seie at vi lagar noko ut i frå alt vi har lært igjennom året. Eg syr, SJOKK!
Eg lagar skjørt! Og eg er faktisk nesten litt stolt over meg sjølv!
Eg er nemleg ferdig med heile oppgåva, og den skal vi levere om 1 veke.
Så eg må finne på noko nytt.
Nokon forslag? Anyone?
Neivel..
Uansett.. Skjørtet mitt ser sånn ut:


I det siste har det ikkje skjedd mykje.
Eg kom ikkje opp til eksamen! Wiihoo!
Det er vel eigentleg det som har skjedd her eg bur. Som eg sikkert har sagt til nokon bur eg på ein liten dø plass. Einaste som skjer rundt her er fotball. Og eg er litt lei fotball.
Jo! Nina holdt på å få nervesamanbrudd i går! Fordi vi stressa ho sånn med eksamen! HAHA!
Neida, ho gjorde sikkert ikkje det. Men ho sa det..

Silje hadde bursdag i går!! GRATULERER MED OVERSTÅTT!!
Og Andrea har bursdag i dag!! GRATULERER MED DAGEN!!

Sånn..

Og SAKIBA blei 18 år hin dagen !!! GRATULERER MED OVERSTÅTT!!

Sånn...