Veit dykk at det er sommarferie?
For det er det faktisk! Sikkert eit lite sjokk for nokon, men ikkje for alle!
Eg har store planar for morgondagen! Eg skal nemleg ned til sentrum og kjøpe meg mykje tekstil-ting.
For i morgon skal eg sy!
Ja, eg veit eg er superkul og er den store mesteren i verden, herregud ro ned med å tilbe meg då.
Eg skal nok legge ut nokon bilde av prosjektet ein gang i framtida, men som alle veit er eg ikkje så flink til å blogge kvar dag, fordi eg ikkje gidder.
I det siste har det skjedd veldig lite, mykje kranglar og drama rundt om kring, og null eksamen!
Siste skuledag var nokså spennande, lang tale frå rektor, og mykje trøttsame talar frå avgangselevane.
Eg følte for å legge meg ned på golvet og grine.
No sitter eg no på rommet mitt som er nyvaska og reint!
Fordi eg brukte meste av formiddagen på å vakse det!
Og så kom min kjære, Kristian på besøk seinare på dagen.
Der eg var så flink at eg laga middag, kylling og kvitløksbrød. Mmmm!
Deretter hjalp Kristian meg med å ta oppvasken, og så baka vi ei kake etterpå.
Eg burde virkelig bli kokk!
For eg kan søren meg lage mat!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar