fredag 6. august 2010

Flytting, Doc', Penn og Blomst

Vel, verden fungerer enda ser eg.
Sjølv om eg tror lesartallet mitt står på 0 no, så tenkte eg at eg skulle blogge litt likevel.
No har det jo vert sommarferie, og det har eigentleg ikkje skjedd så mykje før no..

For sånn ser golvet mitt ut akkurat no, ja eg skal flytte ja. Eg har faktisk greid og skaffe meg ein hybel som er ganske så grei! Så neste helg forlater Sunniva Førde! Forever...ever...ever...ever... Neida.
Eg lever også litt på sånn herre greie desse dagane... Sidan det regnar så mykje her i Sogn og Fjordane blir eg sjuk! yeah!

Og ja! Eg var i Årdal for ikkje så lenge sida, og der var mitt kjære søskenbarn Jonas, som var veldig nysgjerrig på kven eg snakka i telefonen min. Så han skreiv Yvonne med PENN i handa si for å få vite om det var ho. (Det var det)

Eg tok og bilde av blomsten på rommet mitt.. Tøft..