tirsdag 7. september 2010

What?! Åja.. Det var sånn det var.

Her i Florø liker vi og vente ved vegen på dronninga, litt skuff når ho berre sitter i ein bil, stig ut av den, og trasker inn i eit telt.. Dårlig dag!
Men sola steikte og været var flott! Og vi slutta tidleg, great! Dette var vel den første veka på skulen. Koos.


KOR ER DRONNINGA?! KOR?!


Fine båten, fiiiine båten! Vi satt på kaia halve dagen og plaska i vatnet, og naut sola. Florø er deilig når været er fint altså!


I klassen vår eter vi kake og vaffla kvar dag! Vel, nesten. Men det er også fordi vi feirer bursdagar! Wiii!


Mmmm, kake! Lise baka kake til hennar eigen bursdag, dei var steike gode då!


Oppgåver på kjøkkenet.


Og slike ting er det vi driver med i klassen, twister! Og fantasi junior!
Er ein del av pensum tydelegvis.


Og vi leikar oss på sjukestova. Når vi eigentleg skal jobbe med oppgåver. Men når det er mykje morsomt utstyr rundt oss, er ikkje det så lett.


Og så var vi på fjelltur. Klassen vår var superflink og gikk halve vegen der vi satte oss ned for å grille! Mmm! MAT <3


Vi var og på klassetur til Eikefjorden. Der var vi litt rundt om kring. Og så såg vi på sånne ting i bakken.. Ja, sånne ting som er på bildet.


Eg, Marit og Yvonne tok oss ein tur til Bergen ein dag. Der vi handla bitte bitte bitte litt! Og tok oss eit godt måltid på Egon! Uheldigvis tok eg ikkje så mange bilder. Berre det her.

Og dette..
Akkurat no gledar eg meg utruleg mykje til torsdag! For då skal eg heim!!
Heim heim heim!

fredag 6. august 2010

Flytting, Doc', Penn og Blomst

Vel, verden fungerer enda ser eg.
Sjølv om eg tror lesartallet mitt står på 0 no, så tenkte eg at eg skulle blogge litt likevel.
No har det jo vert sommarferie, og det har eigentleg ikkje skjedd så mykje før no..

For sånn ser golvet mitt ut akkurat no, ja eg skal flytte ja. Eg har faktisk greid og skaffe meg ein hybel som er ganske så grei! Så neste helg forlater Sunniva Førde! Forever...ever...ever...ever... Neida.
Eg lever også litt på sånn herre greie desse dagane... Sidan det regnar så mykje her i Sogn og Fjordane blir eg sjuk! yeah!

Og ja! Eg var i Årdal for ikkje så lenge sida, og der var mitt kjære søskenbarn Jonas, som var veldig nysgjerrig på kven eg snakka i telefonen min. Så han skreiv Yvonne med PENN i handa si for å få vite om det var ho. (Det var det)

Eg tok og bilde av blomsten på rommet mitt.. Tøft..

tirsdag 13. juli 2010

Kan ikkje eg få gå på den skulen eg vil?!

Kvifor kan ikkje alle linjene vere på ein skule?
Det er noko som irriterer meg. Eller om det er mange søkarar, kvifor kan dei ikkje åpne en ny klasse?! Eg blir kjempe irriter..
Ja ja ja, eg veit at det er pga mangel på klasserom og lærarar. Men uansett!
Ja, eg må flytte på hybel.
Eg vil ikkje bu på hybel!
Åååh!

Gå og kjøp ein melon!

tirsdag 6. juli 2010

Alt går litt skeis.

Wow, no er det sommarferie og eg har ikkje vert flink og blogge, men det er fordi eg er superkul og har vert så opptatt med å krangle med dei som jobber på Mobildata og telenor.
Neida, men eg var faktisk litt sur.

Vel, på torsdag den 24.juni var eg og mamma nede i sentrum og skulle handle ny telefon til meg, fordi eg har levd på mamma sin steinaldertelefon ganske så lenge.
Så måtte dei berre sjekke om det derre årsgreia var gått ut sånn at eg kunne kjøpe meg ny telefon, men neeeeeeeida det gikk ut dagen etterpå! Så den snille personen som var på jobb ringte telenor for å spørre om det gikk bra at eg kjøpte ny den dagen. Men neeeeeeeeeeeeeeida!
Og som alle veit var eg i Oslo dagen etterpå.
Resten av dagen var eg sur.

Så måtte eg jo som sagt stå opp kl 04.30 for å kle på meg for å rekke flyet dagen etterpå, men gjett kva? JO! Kl 05.00 får eg meldig frå flyselskapet om at flyet er innstilt til 09.00!! Eg vart så sint, ååååh så sint!
Så når eg og Marit endeleg kom oss på flyet måtte vi bytte fly i Bergen! Vi måtte bytte fly i Bergen for å komme oss til OSLO! Herregud så tragisk!
Eg liker ikkje Bergen.

Men vi kom oss til Oslo til slutt!

Når vi kom til Oslo måtte vi forte oss og finne folka vi skulle ta tog i lag med, og det greide vi ja!
Så var det er fin togreise ut til Ski.
Men på EO-dagane skjedde det så utrulig masse at det gidder eg ikkje skrive om.
Berre det at vi hadde det veldig gøy! Og at det var utrulig VARMT!

Yeah yeah..

...
.
...
.
.
.
...

søndag 20. juni 2010

Good night, and sleep tight.

Veit dykk at det er sommarferie?
For det er det faktisk! Sikkert eit lite sjokk for nokon, men ikkje for alle!
Eg har store planar for morgondagen! Eg skal nemleg ned til sentrum og kjøpe meg mykje tekstil-ting.
For i morgon skal eg sy!
Ja, eg veit eg er superkul og er den store mesteren i verden, herregud ro ned med å tilbe meg då.
Eg skal nok legge ut nokon bilde av prosjektet ein gang i framtida, men som alle veit er eg ikkje så flink til å blogge kvar dag, fordi eg ikkje gidder.

I det siste har det skjedd veldig lite, mykje kranglar og drama rundt om kring, og null eksamen!
Siste skuledag var nokså spennande, lang tale frå rektor, og mykje trøttsame talar frå avgangselevane.
Eg følte for å legge meg ned på golvet og grine.

No sitter eg no på rommet mitt som er nyvaska og reint!
Fordi eg brukte meste av formiddagen på å vakse det!
Og så kom min kjære, Kristian på besøk seinare på dagen.
Der eg var så flink at eg laga middag, kylling og kvitløksbrød. Mmmm!
Deretter hjalp Kristian meg med å ta oppvasken, og så baka vi ei kake etterpå.
Eg burde virkelig bli kokk!
For eg kan søren meg lage mat!

mandag 7. juni 2010

Blæ....

Jaja, eg vurderer sterkt å kanskje melde meg på OD-sommarcamp i Danmark..
Men eg veit ikkje om min kjære mamma lar meg få lov å reise til eit land med aldersgrense 16 år på alkohol.
Då trur eg ho vil få kraftig nervesamanbrot.
Men vi får no sjå litt...

Eg skal jo til Oslo på DK-råd på fredag!! Eller, møtet er jo ikkje før på Søndag, men eg fyker nok med bussen nedover på fredagen ja.. Om eg ikkje kjem opp til den stygge stygge eksamen!
Men eg er overbevist om at eg ikkje stryker!

Været er forresten flott!
Nydeleg sol og flott temperatur, berre for å ha noko å skrive om..
Men no gidde eg ikkje skrive meir.

fredag 28. mai 2010

My skjørt is better enn ditt skjørt

Okei, eg har ikkje blogga på lenge, og har egentlig ikkje noke å blogge om.
Men vi prøvar likevel!
På skulen no for tida har vi årsoppgåve.
Det vil seie at vi lagar noko ut i frå alt vi har lært igjennom året. Eg syr, SJOKK!
Eg lagar skjørt! Og eg er faktisk nesten litt stolt over meg sjølv!
Eg er nemleg ferdig med heile oppgåva, og den skal vi levere om 1 veke.
Så eg må finne på noko nytt.
Nokon forslag? Anyone?
Neivel..
Uansett.. Skjørtet mitt ser sånn ut:


I det siste har det ikkje skjedd mykje.
Eg kom ikkje opp til eksamen! Wiihoo!
Det er vel eigentleg det som har skjedd her eg bur. Som eg sikkert har sagt til nokon bur eg på ein liten dø plass. Einaste som skjer rundt her er fotball. Og eg er litt lei fotball.
Jo! Nina holdt på å få nervesamanbrudd i går! Fordi vi stressa ho sånn med eksamen! HAHA!
Neida, ho gjorde sikkert ikkje det. Men ho sa det..

Silje hadde bursdag i går!! GRATULERER MED OVERSTÅTT!!
Og Andrea har bursdag i dag!! GRATULERER MED DAGEN!!

Sånn..

Og SAKIBA blei 18 år hin dagen !!! GRATULERER MED OVERSTÅTT!!

Sånn...

onsdag 12. mai 2010

Bilder!!

Tenkte eg skulle legge ut noken bilder !
Er jo ei lita stund sida det no, sooo...
Here u go:




Sjå godgullet!!! AAAAAAW <3




Vi hadde jo besøk av Kjetil og Kjartan :) Spesielle folk..



Pulten min ja... alltid rot

Årets første jordbær!! Surt som F**N!



tirsdag 11. mai 2010

Yeah, life is good!


Idag er det eksamensoppkommingdag for mange.
Sjølv veit eg ikkje om eg kan komme opp til eksamen idag. Men det er jo flott det!
Håpar faktisk på å komme opp i matte i år, for det er det beste faget mitt av dei to faga eg kan komme opp i.
Matte og naturfag! Men vi overlever..



Eg ser her bakfra at Nina sitter og bloggar borte i den lille kroken sin, så om ca 5.min kan dykk gå inn her: http://www.nmskinlo.blogspot.com/
Ho var faktisk så snill at ho sa ho skulle hente sånn der kobling til meg i friminuttet! Aaaw <3

Jada, eg veit det. Eg har ikkje eit ordentleg kamera. Vel, eg har det eigentleg med det er så sløvt av det vil ikkje legge bilda inn på bloggen min.
Og det er ikkje bra for då blir eg småsint, og kastar pc'en ut frå 3 etasje på skulen.
Og då blir det mykje jobb på datamannen igjen, så det gidd eg ikkje.

Fordi når eg blir sint ser vel sitjeplassen min på skulen noko liknande sånn ut:




Oh yes, bilde tatt frå Google.

Og alle veit kor stress det er å måtte rydde det opp igjen.
Så det gidd eg rett og slett ikkje.

No har vi faktisk begynt med årsoppgåve på skulen! Speeennande. Neh.
Det går eigentleg berre ut på å lage noko vi har lært i løpet av skuleåret, og bruke forskjellige teknikkar. Eg er så pass kul at eg lagar eit skjørt!! Så idag må eg lage arbeidsteikning, og moteteikning.
Er jo ganske så kjekt det altså.

Men no må eg nesten gjere litt engelsk. Har sånn ca 100 oppgåver eg må levere.

Hade!

mandag 10. mai 2010

Let's put this ANANAS on fire!

YOOO Peepz!
Eg vil ha ananas...
Masse ananas..........
Veldig masse ananas..............

ANANANANANANANANANAS!!!!!


mandag 3. mai 2010

Dikt til Nina.

Nina ser konsentrert ut borte på den grå og kjedelige plassen sin.
Ho ser nesten trist ut der ho sit.
Musikken på øyra og matte på skjermen.
Kva er det som går av ho?
Gensaren med sikkerhetsnåler på. Ein spennande ein.
Rosa, gul og grøne er dei.
Ohhh, kven er poetisk hæææ?
Damn, Nina!! Syns du skal vere stolt av diktet mitt!


Sjæfen sjøl!

søndag 2. mai 2010

Alt og INGENTING

Åh æsj.
Kvifor går det ikkje noko bra på tv på søndagar?
Kva anna har man å gjere på om dagane?
Butikkane er stengt, det regnar og bybussen går ikkje.
Då kan søren meg tv-selskapa sende noko bra på tv! Det einaste som går på tv for tida er reprise av farmen, reprise av 4 - stjerners middag og reprise av alt mogleg anna.
Sucks!

Men uansett, i går var eg jo hos H'en!
Der var vi ein fin liten koselig gjeng. Og vi, som mange andre finner på mykje rart.
Men skal ikkje fortelle om det her.
Men vi spelte ping-pong eller noke sånt! Og eg må berre sei at eg er utrulig god i det altså!
Eg trur eg tapte sånn 300-0 mot Kristian.
Så eg vart sint og skaut ballen i vinduet.
Ja, eg er ein dårleg tapar.
Meeen.. vidare til noko anna.
Eg har fått nytt klesstativ!! Wiihooo!!
Det er fantastisk flott!
Over til noko anna igjen.. Som mange veit så er jo det stor feiring natt til 1 mai.
Og eg satt og leste litt fram og tilbake på nokre nettaviser no nettopp, og holdt nesten på å dø når eg såg dette:


Og for dei som lurer; ja det er heilt sant.
Dette er i min heimby! Der der velger å plassere russen i sirkustelt.
Tøøft.
Men no er det natt, og eg skal sove.

Speaks!

lørdag 1. mai 2010

Krrrjaaammm

Goood morgen søtingar!

No har eg hatt ei ganske så god natt, og våkna stiv og forferdelig i heile kroppen!
No sitter eg faktisk og ser 10 år yngre!
Nei, eg har ikkje eit liv.

Helga er her! Og lønna mi er på konto!
Då skal all gjeld betalast på mandag!! Hurraaa!!

Yeah..
Stine har faktisk bursdag idag! Gratulerer med dagen Stine!! Denne lille hønemora her blir faktisk 19 år!



Skal skrive eit innlegg om helsedagen litt seinare! Men må først få lagt inn litt bilder på pc'en.

Over til noko anna!
I går var det jo natt til 1.mai! Og no er russetida i full gang!
Eg og Kristian har vert litt småsjuke, så vi valgte å vere heime.
Så får eg ein telefon frå ein kjend fyr. Mr. Chris-Andrè!
Han og H'en valgte å komme oppom ein tur til meg, så eg laga taco til alle saman.
Eg er ein fantastisk kokk må eg sei.


Her har du mine to gode vener! Ja, dei er nokon moroklumpar!

Men no må eg stå opp!

Bye bye!

onsdag 28. april 2010

Sjuk, Sjukare, Sunniva

Wæææhææææ.
Life is crap.
Neida!
Eg er så flink at no har eg blitt ordentlig sjuk! Men det er greit, for eg overlever!
I morgon skal vi ha helsedag på skulen. Så då SKAL eg på skulen!
Kjetil og Kjartan kjem og skal ha show for elevane!
Det blir sikkert dødskult! Så det gledar vi oss masse til.
I tillegg skal vi grille!

Og på slutten kjem politiet og skal snakke med russen, og sikkert gi dei nokon tips om kordan dei skal oppføre seg.


Og på fredag er det jo natt til 1.mai! Og då er det utrulig mange som skal ut og feste! Det skal også vere rugby-kamp i Førdehuset. Men det er eg ganske usikker på om eg i det heile tatt gidder å reise på.
For det 1. er det dyr billett.
For det 2. det er ein dyr billet.
Men no skal eg sove litt meir før eg skal lage middag.
For eg er så supersnill når eg er heime frå skulen. Og i tillegg på eg pugge litt matte!
Det er jo snart eksamenstider!
Eg håpar virkelig eg ikkje kjem opp til eksamen!
Då trur eg at eg dør litt inni meg. Neida !
Men no, sove!

Speaks!!

tirsdag 27. april 2010

Blogging at Nina's PC!

Heisann og hoppsann småfolk!

I dag er det tirsdag og det betyr at eg sluttar på skulen kl. 11.30!
Så det er tidlig heim idag! Eg har heldigvis fått låne pc'en til Nina no, og eg er superglad!
Okei, eg er eigentleg ikkje så veldig glad i dag, for eg er sjuk. Kvalm, forkjøla, vondt i hode osv osv.
Hallo?! Dykk må jo berre syns synd i meg!
Eg lurer på om eg skal snike meg litt rundt på pc'en til Nina, og legge ut litt av hennar bilder? Jah, vi gjer det!

Her er blide nr.1:

Nina var tydelegvis grønnruss!

Bilde nr.2:

Veit ikkje heilt kva dette er..

Bilde nr.3!! :

Eg trur dette er ein av kattane til Nina.. Ein
av mange...

mandag 26. april 2010

Eg veit ikkje hva tittelen skal vere, så derfor har eg ingen tittel.

Wooowsh.. Ja, eg sitter her på skulen eg då.
Kan vel eigentleg berre fortelle litt om kva som skjer i min kvardag.
Nina sitter litt framfor meg og stirrar skummelt inn i pc-skjermen.
Ho er noko for seg sjølv må eg berre få sagt, ho som vandrar rundt i det norske curlinglaget sine bukser, eller rett og slett berre sitter i klasserommet og stirrer momentant ut av vinduet. Ho er ein person som eg har mange diskusjonar med. Seinast i dag diskuterte vi skrekkfilmar, og spøkelser osv. Noko som vi brukte to heile mattetimar på + eit friminutt. Våre diskusjonar varer faktisk ganske så lenge.
Og i vinter vandra ho rundt i blånissekostyme. Noko som nesten var litt tøft! Eg lovar dykk at det var litt av eit syn.

Og visst nokon vil kan dei gå inn på bloggen hennar: http://www.nmskinlo.blogspot.no/

Her er synet for dei som lurte:




Ved sidan av meg sitter Silje. Ho er no ein litt spesiell person ho. Litt stille og sjenert, og ein flittig facebook brukar. Akkurat no sitter ho faktisk og spelar pokèmon på pc'en sin i mattetimen! Vel.. Eg er ikkje så mykje bedre sjølv, eg som velger og opprette ein blogg når eg har matte. Og faktisk sitter og bloggar i mattetimen. Silje er for augeblikket kjæraste med Chris-Andrè som faktisk er ganske så god kompis med min!

Noko som er ganske så kjekt. Ho budde sånn eigentleg på hybel, men eg har ein liten følelse av at vi kan sei at ho har flytta saman med Chris-Andrè.

Silje har desverre ikkje blogg så vidt eg veit.

Men for dei som lurte ser ho sånn ut:





Og så kan eg vel kanskje berre sei litt om meg sjølv då.

Eg heiter Sunniva, og eg er kul. Likar eg og tru sjølv i alle fall. Eg går på ein skule langt oppe i gokk, og snakkar nynorsk. Eg er ein veldig politisk-engasjert person. Så det blir nok ein del politisk-relaterte innlegg her ja. Eg er DK-leiar i Sogn og Fjordane for dei som lurte, og om nokon lurer på kva det er kan dei berre spørre.
Tastaturet på pc'en min er bra klikka, så det er like før eg hiver den ut vinduet.
Eg bur i den fantastiske byen FØRDE og for dei som lurer på kor det er, så ligg den byen i Sogn og Fjordane (sånn ca i midten).
Eg går i ein klasse på 14. Linja er design og handtverk.
Yndlingsfargen er rosa!

Og for dei som lurer på korleis eg ser ut kjem monsteret her:

Eg har eit utrulig dårlig kamera, men eg skal prøve å få lagt ut nokon bilder når eg bloggar!
Men no masa Nina om at ho skal få lese innlegget på bloggen min!
Speaks!!